home Menu close
menu MENU

Formal eller real matematikkundervisning?

På 1960-70-talet var skulematematikken vår  innom ei radikal abstrahering med grunnlag i ein  fjern akademisk matematikk. Spora, og avsporingane,  etter dette finst ennå.

Bård Harboe har opplevd dei store spenningane og dei bråe omveltingane. Nå går han tilbake i historia, til pionertida i rekning og matematikk, ser på tilretteleggingar av barns møte med tala.

Forfatter: Bård Harboe ISBN:  978-82-90910-92-6

kr kr 285,00

Lagerstatus: På lager

SKU: 978-82-90910-92-6
Beskrivelse

«Man må lade de reale behov efterhånden skabe de matematiske redskaber», skreiv Magnus Alfsen  i 1904. Han var den første med ei eiga lærarstilling i matematikkdidaktikk i landet vårt. Overgangane frå det konkrete til det abstrakte var fundamentet i skulematematikken.


Dei mange forteljingane som viser barns gryande forståingar - og vanskar - er også viktige innslag i Bård Harboes  invitasjonar til samtalar om matematikken i skulen.


Bård Harboe f.1937 er cand. real. frå Universitetet i Oslo med undervisningsfaga matematikk, fysikk og kjemi og med mellomfag og hovudfag i pedagogikk. Han var konsulent i Forsøksrådet for skoleverket i dei mest turbulente åra i skulematematikken. Han har også hatt oppdrag på dette området for Nordisk kultursekretariat i København. Bård Harboe har arbeidd innanfor allmennlærarutdanning og praktisk pedagogisk utdanning (pedagogisk seminar) og leia denne i Stavanger frå 1975 til 1986. Frå 1986 til 1999 var han lærar i naturfag og matematikk ved Sola vidaregåande skule.